Kva AI-verktøya bommar på i norsk, og korleis eg jobbar rundt det
IngerJoStartSpark
Eg les mykje AI-tekst på jobb, og etter eit halvår ser eg dei same feila om og om att. Deler lista, for dei er lette å rette når du veit om dei.
Teiknsetjing frå engelsk. Den lange streken engelsk brukar mellom setningsdelar dukkar opp overalt. På norsk brukar vi komma, kolon, punktum eller parentes. Same med hermeteikn: norsk har sine eigne, dei engelske rette strekane ser feil ut i ein kommunetekst.
Ord som ikkje finst på norsk, men som ser norske ut. «Adressere ein utfordring», «sikre at», «i forhold til» om alt mogleg. Det er omsett engelsk, ikkje norsk.
Nynorsk som glir over i bokmål. Ber du om nynorsk, får du nynorsk i to avsnitt og så sakte tilbake til bokmål. Verst i lange tekstar. Eg ber om nynorsk på nytt i kvar bolk i staden for éin gong i starten.
Tonen. Alt blir litt for blidt og litt for entusiastisk. Kommunar skal ikkje vere entusiastiske om avlaupsgebyr.
Tal og datoar. Desimalkomma blir punktum, og datoar kjem i amerikansk rekkjefølgje. Sjekk alltid tal.
Stadnamn og eigennamn. Kommunenamn, gatenamn og namn på verksemder blir gjetta på. Eg har fått tre variantar av same bygdenamn i same tekst.